Av Einar Barsnes
Erfaringer fra andre: «Hjelp til sjølvhjelp: ei historie om helse og arbeid»
Då eg flytta til Oslo for å ta master i sosialantropologi, var eg motivert av eit spennande feltarbeid. Feltarbeid er eit middel for å skrive ei masteroppgåve, men òg eit mål i seg sjølv, fordi det er uforutsigbart og nytt. Feltarbeid vart det, men det vart annleis og lengre enn forventa. Lite ante eg at destinasjonen vart Moshi, Tanzania og seinare Ullevål sykehus. Dette innlegget handlar om ei rørsle, i tid, rom og i eige sinn, som framleis pågår. Eg vel å starte med studietida og ende i skrivande stund, då eg jobbar som rettleiar i NAV.
Utdanning, arbeid, helse og økonomi heng i hop, og i NAV er Arbeid først. For mange er kjærleiken størst, men arbeid kom for meg først, for å verkeleggjere kjærleiken. Arbeid førte meg frå eit ustrukturert liv prega av einsemd, festar og psykisk sjukdom til familieliv, fast inntekt og glede.
Når eg legg meg trøytt, søv, står opp tidleg og gledar meg til å komme på jobb, då veit eg at eg er lukkeleg. Fordi eg fekk hjelp frå familie, venner og helsevesenet, klarte eg å fullføre studiet, komme meg i jobb og stifte familie.
Eg vil dele erfaringa fordi eg meiner vi må tenkje over måten vi skriv og snakkar om psykisk sjukdom. Vi er ikkje nødvendigvis farlege eller valdelege fordi vi blir sjuke, men vi treng støtte, rettleiing og medisin for å vende tilbake til eit vanleg liv, og det er gjerne normalitet som er målet. Eit alminneleg liv med kone, born og arbeid.
Omlag halvparten av det norske folket blir ramma av psykiske problem i løpet av livet, og eg er ein av dei. Som følgje av mine erfaringar som pasient, vart eg intervjua om tenestedesignet til helsevesenet. Det er viktig, og eg var glad for å bli spurt om dette.
Korleis brukarar kontaktar og tek i bruk offentlege tenester, er interessant å vite meir om. Eg er nøgd med å jobbe i NAV og bidra til å følgje opp brukarar mot arbeid og aktivitet, nøkkelen til eit betre liv. Arbeid fører til lønn, og det er ei god kjensle. Tida har verdi, på fleire måtar.
Forskingsartiklar viser at arbeidsgjevarar som har erfaring med psykisk sjuke medarbeidarar, er meir positivt innstilte til å tilsetje frå denne gruppa. Ein artikkel om sjukepleiarars haldningar overfor psykisk sjukdom i Sverige, viser at sjukepleiarar med nære venner som nyleg har hatt eller har ei psykisk liding, har meir positive haldningar overfor denne pasientgruppa. Personleg kontakt spelte her ei rolle for å redusere stimatisering og negative haldningar.
Hjelp til sjølvhjelp – å myndiggjere psykisk sjuke til å meistre sjukdommen og finne ny meining og nye sosiale roller, er eit moment eg vil trekkje fram. Då eg var innlagt ved Ullevål, fekk eg ein gong spørsmål frå ein sjukepleiar om eg jobba der. Det var eit kompliment for meg. Skattane som finansierer den sosial staten: folketrygd, helse, utdanning og bustad, er meir enn berre pengar, det er velferd og motverkar ulikskap. Frå Stedje barnehage til Samfunnsvitskapleg fakultet via Ullevål og til slutt i jobb hjå NAV, eg hadde aldri komme hit åleine. Eg står i gjeld til mange, og vil aldri kunne «betale» ho tilbake, men det er verdt å prøve.
Støtte, både frå familie, venner og det offentlege, er viktig for helsa. Og det er viktig å ha tru på seg sjølv. Når ein blir psykisk sjuk, kan sjølvstigmatiseringa vere den verste. Du kan kjenne deg gal, farleg og verdilaus på same tid. Vi er ikkje verre menneske om vi blir sjuke, vi mistar berre kontrollen ei stund, men med rett hjelp kan vi bli leia tilbake til samfunnet.
Då eg vart psykisk sjuk første gong, sa ei kvinne til meg: “Ein dag vil du sjå tilbake på dette og le av det.” Eg såg ikkje humoren i å bli overvåka, forgifta, innlagt, for så å bli bortført og sakte torturert. Slik var førestellinga mi av røynda. Ho var vrang og vond, men eg smiler no. Ikkje fordi eg var gal, men fordi eg vart «rett.» Samfunnet leia meg på rett veg, og no er eg sjølv ein rettleiar. Takk for det, eg har dykk i tankane.